The Beat. Nosizwe med ny video!

b
a

Vi har skrytt av Nosizwe før. Den sjangerskridande urbane musikken, den rampete haldninga, og dei modne tekstane utfyller kvarandre glitrande, og samarbeidet med produsenten SoulBase har vorte spikra til ein stadig meir særeigen og unik stil. Den “reine søstra” til “prostituerte Tshawe” fekk dessutan strålande kritikkar på både by:larm tidlegare i år, og Øya i sumar. I dag er ho ute med ny singel og video, den suggerande og leikne “The Beat”. Sjå den her!