Uanstendig tolkningsforslag

Ein av Holy Motorssine styrkar er den elastiske opninga filmen tilbyr for personlegtolking. Eg skal med denne skarve teksten syne eit døme på korleisfilmen kan lesast som eit rammeverk sjåaren kan projisere sine eignepersonlege usikkerheiter og/eller interesser inn i, via denstuttvakse rollefiguren Oscar og hans (respektive rollefigurar sitt)jag etter ego-verifikasjon gjennom utstrekt bruk av fallossymbolikk.Det startar med ei metallisk augmentering av fingeren, som brukasttil å fingre i låseholet for å dirke opp døra inn til detsubliminale. Som tidlegare ymta skal eg no peike med min eteriskekroppsdel på mengda av falliske symbol som manifesterer seg somprominente delar av alle filmen sine delar.

Ein spaserstokker ein avlang sak, eit proto-kybernetisk hjelpemiddel som ein kanlene seg til dersom ein ikkje finn den støtta ein treng i egenkropp. Når denne i tillegg, som i filmen, blir bore av einfemininisert figur, kjem Carl Gustav Jung og teorien omElectra-komplekset – det falliske stadiet jentebarnet mågjennomleve (etter det orale og anale stadiet, sjølvsagt), motsatsentil Oedipus-komplekset, gjerne ispett eit islett penismisunning –fort sklidande inn i tankane.

Einerigert penis harsåpass openbar fallisk karakter at han kan hende ikkje kan reknastsom et symbol, men våpenbrukast som kjend ofte til å utstråle makt og manndom. Dessutan hardei gjerne falliske kvalitetar ved seg, som er tilfelle med våpnasom det viftast med i Holy Motors:Bō-staven, Donatelloi Teenage Mutant Hero Turtlessitt weapon of choice, kan til dømes brukast tilmaskulint å hevde seg i slagsmål ved hjelp av fysisk vald, ogdessutan er staven avlang, slik som stavar så ofte er. Einkniv kan brukast til åpenetrere kroppen, både i samkvem med andre og til meirmasturbatoriske sjølvskadingsaktivitetar, som Holy Motorshintar mot. Det same gjeld einrevolver, som mellom anna inneheld eit lagermed små, avlange “celler”. Desse kan utløysast ved å leggjepress på riktig stad, blir skotne ut or eit avlangt røyr, ogabsorberast av til dømes ein kropp. Anna maskulint tilbehøyrsom framtrer i Holy Motors er barten, som er avlang ogkan brukast som kompensasjon for mental mangelsjukdom, på same måtesom det klassiske maktsymbolet sigarett,som krympar både seg sjølve og andre til vanleg utstrekte ting ved(utstrekt) bruk. Hovudpersonen Oscar finn dessutan seg sjølvi spissen av ei lang lang rekkje, engasjert i langdaudesmonolog, og oppe i etasjane i eit høghus.

Det må seiast at dettesom skisserast her slettes ikkje er meint som ein tolkingsmodell somlesaren korkje bør eller burde legge til grunn for si eiga lesing ogoppleving av filmen: Snarare er dette meint som ein demonstrasjon avkorleis hjernen gjerne jobbar: Ein finn bevis på det ein trur ersant, som Robert Anton Wilson seier om to av dei konspirerande delaneav menneskesinnet: “What the thinker thinks, the prover proves.”Holy Motors kan med sin vidstrekte tematiske variasjon hevdastå ha blitt konstruert nettopp for å utnytte dette kognitivefenomenet. Hinta er der: Tilskodaren blir gjort til ein del avscenarioet tidleg i filmen, der han sit i bøttevis i kinoliknandesete, og dessutan framstår det som plausibelt at detreality-etterliknande showet som brettar seg ut i bakgrunnen avhandlinga dyrkar sin fiktive popularitet i nettopp dette metafysiskejordsmonnet: At utvalet av situasjonar og scanario som bliriscenesett kan nytjast som farkostar – ein lang, lang limousin,for eksempel – til nye djupnar av den bevisste bivånaren sittunderbevisste.

X