Cringe i den eine augeblinken, skambra i den andre

MELDING: Vestkant-rappar AVGVSTVS kleinar det til for seg sjølv som traprapper, men skin over elektroniske beats.

b
a

MED TA DET PENT tek Hans August Pünther, alias AVGVSTVS, steget vidare frå EP, singlar og features til første fullverdige album. På skiva er rapparen innom gamle og nye lydar. Det nye fungerer best.

Skiva er dobbelt så lang, og dobbelt så innhaldsrik som fjorårets Snabba Cash, som var ein flott EP. Den gong var AVGVSTVS innom dei moderne trapbeatsa med tropisk tilskot vi har sett så mykje av dei siste åra – mykje hadde passa bra inn i ein danse-compilation i SKAM sesong 5.

«Travis Scott-flowen som er brukt verkar tacky»

No finn vestkantrapparen eit deilig poppete lydbilete, og nyttar seg av elektroniske beats frå blant anna Clairmont, som har produsert dei grooovy låtane «CKMO» og «Herlighet».


Foto: Edward Ferner

ALBUMET STARTAR med tittellåta «Ta Det Pent». Traplåta er AVGVSTVS sjølv lik, men treff ikkje like bra som verken oppfølginga «Distanse», eller det han har gjort tidlegare. Travis Scott-flowen som er brukt verkar tacky. Dette skuffer etter Snabba Cash der blant anna tittellåta nyttar flows meir hensiktsmessig og meir originalt.

Leanreferansen «Lilla Flekk», er også blant dei meir trappy låtane på den nye skiva. Ord som «bands» og «lægs» blir gjentatt og bygd på av ad-libs som «Ey bars!». Låta verkar å skulle vere artig, men er rett og slett cringe. Eg har eit rom på nokre tusen m² i hjartet mitt for leiken hiphop, men «Lilla Flekk» må sitte i hjørnet. 

Det blir grovare då Jonas V med sitt NMG-image rappar om luksuriøse Uber Black, enn då AVGVSTVS gjer det same. Rap handlar ofte om å kome seg til rikdom, og gatekeeparen kjem fram då vestkantguten skryter om kva han har råd til. Denne porten har eg ikkje vokta sidan Erik Og Kriss herja for over eit tiår sidan.

LES OGSÅ: Anmeldelse av Morten Langelands Barbar: – Sjelevrengende kleint

ETTER «LILLA FLEKK» kjem dei sterke augeblinkane på skiva. Rappinga endrar seg i takt med dei elektroniske beatsa. Det fungerer skambra då AVGVSTVS syng at «hun er modell for Calvin Klein … fyker ned alpene i Sveits», på den funky «CKMO» med si wobbly basslinje. Låta får meg til å digge intenst på bussen. Eg tykkjer distansen til hiphop verkar som ein stor fordel i låtar som denne. Det same gjelder på «Redlight», som er borderline techno. Denne delen fungerer bra, og utklassar trapen med glans.

Mitt ynskje er ein tur tilbake til «Majestetisk» eller ein veg vidare inn i «CKMO». Då kan eg svette ut dei vonde tankane mine om Travis Scott-flows og kleine ad-libs på afterski i Sveits.

LES OGSÅ: Dørvakten svarer: – Jeg har opplevd både kniver og skytevåpen i døra