Grasrotlaus domedag

Om insektoide spelopplevingar og den uutgrunnelege djupna hos Franz Kafka, Cosmo Kramer, Albert Camus og Kjære, Jeg Krympet Barna.

b
a

Spekulativ påstand: Ebolaepidemien kring midten av nittitalet bidrog til å løfte mikroverset opp og fram i det kollektive kulturelle medvitet. I 1996 kom til dømes Marie Pérennou og Claude Nuridsanys dokumentarfilm Microcosmos: Le peuple de l’herbe (Mikrokosmos: Folket Frå Graset) ut. Dette banebrytande verket blei laga i løpet av tre år ved hjelp av avanserte makrolinser og (mikroskopiske?) mikrofonar, og gir eit besnærande nærblikk i livet ned mot grasrota: Sneglar gnukkar sine slimete undersider mot kvarandre i erotisk samkvem medan skarabear rullar smakfull møkk heim til middagsbordet.

Same år blei Star Trek: Voyager-episoden Macrocosm vist på TV. Her veks eit interplanetarisk patogen til om lag ein milliard gonger sin vanlege storleik. Det gigantiske monsterviruset svevar rundt i den kunstige romskipsatmosfæren og set størsteparten av besetninga ut av spel.

I 1996 kom òg det makelause eventyrspelet Bad Mojo ut på PC CD-ROM. Her trer ein inn i rolla som den forbitra leigetakaren Roger Samms i det han blir forvandla til kakerlakk. Derifrå er det berre å kravle rundt i ei fotorealistisk verd fylt med farlige farar som til dømes glødande sigarettsneipar, skrubbsvoltne rotter som ligg døyande i fella, sugande støvsugarar, klissete maling og katten Franz.

Kafkas Forvandlinga (1915), der Gregor Samsa vaknar opp ute av stand til å gå på jobb av di han har blitt til insekt over natta, var inspirasjonskjelda, og korkje før eller sidan har insektspel vore så gode som dette – Bee Simulator frå fjoråret var diverre ikkje særleg skarpt med sitt heller grunne, arcade-aktige gameplay – inntil no! Just når det mikroskopiske er av enorm, synleg og påtakeleg konsekvens.

Franz Kafkas hundre og fem år gamle novelle er ei hyperstatisk og ultradynamisk soge om distanse, isolasjon og endringar – abrupte og sjokkarta endringar, og endringar som hender så til dei grader gradvis at ein knapt merkar at ein har blitt van med dei førstnemnde. I dag havarerer makthavarar i konfliktar mellom økonomiske interesser og gradersmål medan miljøorganisasjonane som dominerer ordskiftet i dinosaurbrensellandet Noreg går med grønkapitalistiske skylappar. Skogane brenn, grashoppesvermar øydelegg avlingar og pestilensen herjar. Vi lev i ei verd som openbart er annleis enn ho var på starten av året og som aldri kjem til å returnere den mytiske «normalen». Om den framtidige normalen post-pandemi (ikkje usannsynleg at det først blir om fire år, trist men leit) blir berekraftig eller eit eksplosivt, siste kapitalistisk hurra med påfølgjande elende og apokalyptisk dystopi er opp til deg, meg og dei andre.

LES OGSÅ: Smil & Gift møter Dag Solstad

Ovid Works’ nye eventyrplattformspel i førsteinsektperspektiv, Metamorphosis, er òg laust basert på Kafkas forteljing. 

Det ville, kan hende, vore utfordrande å hamre i hop eit engasjerande spel om å vakne opp og berre vere ei gigantisk bille i eit lite rom, så her blir du heller til eit mindre insekt i ei større verd skjult bak grammafonplatespelaren, inni kontorpulten og i dimensjonane bak veggpanela, og i periferien speler delar av andre kafkaske historier seg ut, til dømes Prosessen, som karakteren Cottard i Pesten (1947) av Albert Camus omtalar som ei soge om «menneske som bryr seg for å skape problem for andre.» «Ein må ikkje halde seg inne for lenge», svarte legen Rieux. «Du må kome deg ut.»

Ja, den litterære djupna er uutgrunneleg, i likskap med liknande soger som Min Mikropartner (1987), der ein ubåtkøyrande Dennis Quaid blir krympa og injisert inn i blodstraumen til ein hypokonder og lyt kjempe ein indre kamp mot ytre krefter, og i det svært lovande overlevingsspelet Grounded, som er spelbart nett no i forvitneleg early access-utgåve, får ein freiste livet i ein slik krympa lekam og utforske kva som finst på bakkenivå, nærare grasrota, lik ein interaktiv variant av storverk om småfolket numero uno, nemleg Kjære, Jeg Krympet Barna (1989).

Som Cosmo Kramer ein gong sa (og Lick NAND nylig sampla i låta «Seinfeld Breakcore Jazz»): «Kva seier den vesle mannen inni deg? Du må høyre på den vesle mannen.» «Veslemannen min veit ikkje», svarte George Costanza. «Veslemannen veit alt», sa Kramer.

Nok rot, her er tre andre anbefalingar:

Paradise Killer

Fargesprakande, surrealistisk sci-fi-mordetterforsking med både stil og innhald. Vaporwave som bare det. Tilrådast.

Spinch

Teikneserieskaparen Jesse Jacobs står bak dette psykedeliske og intense plattformspelet. Det er ok å vere frustrert når det ser og høyrast så bra ut som dette. Og ta og så les Jacobs’ Safari Honeymoon, då, det er gode ting.

The Outer Worlds: Peril On Gorgon

Verdsaltet sitt satiriske favorittantikapitalismerollespel har fått sin første dose DLC, og godt er det. Her får ein utforske ruinane etter den store farmasøytindustrien og kan hende gjere ein god drug deal.

LES OGSÅ: Forlegger og youtuber Douglas Lain om LSD, marxisme, bøker og ordet TRIGGERED