I «Ancestors: The Humankind Odyssey» styrer ein ei menneskeape gjennom millionar år med evolusjon

MELDING: Evolusjons-/overlevingsspelet Ancestors: The Humankind Odyssey har jamnt over fått dårleg mottaking hjå speljournalistane. Det seier meir om kritikken i våre dagar enn om spelet. 

b
a

Første del av Stanley Kubricks 2001: A Space Odyssey (1968), kjend som «Dawn of Man», ender idet ei menneskeape på krigsstien oppdagar at eit bein kan brukast som mordvåpen. Via eit klassisk kryssklipp spolast det nokre millionar år fram, og vips, så har klubbeteknologien leia til interplanetariske romskip.

I overlevingsspelet Ancestors: The Humankind Odyssey (PC, PS4, XB1) trer spelaren inn i rolla som nettopp menneskeape. Spelet har i stor grad motteke lunken og til dels negativ kritikk, og forventingane mine var høvesvis nedjustert. Men sanneleg, eg skulle bli svært positivt overraska av denne ambisiøse evolusjonssimulatoren.

DET HEILE startar for ti millionar år sidan i Afrika, idet bestefar blir fanga av ei ørn. Du, barn av ukjend primat-art, ramlar av gamlefars rygg og tumlar ned til jungelbotnen, der du desorientert og åleine lyt trasse frykt for det ukjende og anten finne ein gøymestad eller vegen heim til klanen.

Så snart det er gjort, blir perspektivet ditt teleportert til eit vaksent primat-medvite, og du kan gi deg i kast med åtte millionar års evolusjon. Reisa går via artar som Sahelanthropus tchadensis og Australopithecus afarensis og fram til Homo ergaster, ein variant av Homo erectus som dukka opp for rundt to millionar år sidan og tok turen ut or Afrika, skal ein tru vitskapen.

LES OGSÅ: GUIDE: Sånn får du tiden til å gå i karantene og isolasjon

LÆRINGSKURVA er bratt, og den unike, oppdagingsbaserte spelmekanikken opplevast best med god tid og minst mogeleg førehandskjennskap, noko som sjølvsagt er kontraindikativt for journalistar under tidspress og andre med lågt tålmod. Enkelte negative meldarar har avslørt sitt eige slurv ved å omtale element som ikkje eksisterer her i det heile.

«Med tida har 2001 blitt kanonisert, men ein kan undrast korleis det ville gått dersom Metacritic og Rotten Tomatoes hadde eksistert på den tida»

Det er destruktivt og dystert – særleg når det er tale om eit spel utvikla av eit lite, uavhengig studio. Speldesignar Patrice Désilets står mellom anna bak det storslåtte Prince of Persia: The Sands of Time og dei tre første Assassin’s Creed-spela, men fekk sparken frå Ubisoft i 2013 av di han ikkje lot kapitalen herse med den kreative fridomen. Diverre er det også lite overraskande når ein har aning om kor lite ein gjennomarbeidd kritikk er verd i dagens mediemiljø – forureina av clickbait og andre fordummande marknadsmekanismar som den har blitt.

LIKNANDE TENDENSAR har rett nok eksistert lenge. Ta til dømes 2001: A Space Odyssey, som ikkje akkurat blei varmt motteke ved premieren i 1968. Med unntak av The New Yorkers Penelope Gilliatt, ifølgje John Hofsess’ meta-kritikk «How I Learned To Stop Worrying And Love ’Barry Lyndon’» (NYT, 1976), skjønte hovudstraumskritikarane jamnt over ikkje eit kvekk.

LES OGSÅ: Søndag Summarum: Korona-fri utgave!

Hofsess fortel at han ein gong spurde Kubrick om han hadde lært noko av ein filmkritikk: «Nei», laud svaret. «Det å sjå ein film ein gong og skrive ein kritikk er absurd. […] Meldingane som kjenneteiknar dei fleste kritikarar er diverre slakt med bulder og tjobang som er enkle å skrive og gøy å skrive og absolutt unyttige.»

Med tida har 2001 rett nok blitt kanonisert, men ein kan undrast korleis det ville gått dersom Metacritic og Rotten Tomatoes hadde eksistert på den tida – nettstader som gir ein rimeleg meiningslaus, gjennomsnittleg karakter som potensielle publikummarar kan søke opp for å på færrast mogleg sekund finne ut om noka er verdt å streame.

UNDER OPNINGSSCENA til Ancestors: The Humankind Odyssey dukkar undertittelen «Volume 1: Before Us» opp, og ein kan berre vone at det slappe slaktet av spelet ikkje leier til at det ikkje blir nokon del 2. For som Mark Maslin, klimatolog og forfattar av The Cradle Of Humanity: How the Changing Landscape of Africa Made Us So Smart (2016), skreiv på theconversation.com: «For oss som forskar på tidleg menneskeleg evolusjon, er dette ein spanande augneblink, eit spel som illustrerer all forskinga vår og som alle kan spele. Eg ser no fram til Ancestors 2, sidan det er når proto-menneska har [spreidd seg ut or] Afrika at den ordentlege moroa startar.»

SÅ FORVENT IKKJE å finne opp høgteknologiar som klede og eld i denne omgang (du har jo trass alt pels). Vil ein tilfredsstille slike technofetisjistiske lyster, lyt ein heller spele Dawn Of Man (PC, PS4, XB1), eit strategispel som startar i steinalderen og varar heilt inn i tjukkaste jernalderen.

2020-sinnet tenkjer kan hende at «Dawn of Person» ville vore betre titlar på både dette og førsteakta av 2001. Men så var det trass alt med teknologien kalla landbruk – «den verste tabben i menneskearten si historie», ifølgje antropolog Jared Diamond, og «historia sin største svindel», skal ein tru historikar Yuval Noah Harari – at mennesket gav opp den likestilte, deling- og takksemd-baserte jeger-sankar-livsstilen og opna for eigedomsrett, eit patriarkalsk konsept som har leia oss dit vi er no: Eit globalt samfunn på kapitalismeindusert klimakollisjonskurs, og der depresjon er pandemisk.

«Når du er på veg i feil retning, er framsteg det siste du treng», som Christopher Ryan skriv i Civilized to Death (2019). Les den boka, spel Ancestors: The Humankind Odyssey og bli vis.

LES OGSÅ: Teknologioptimismens mørke side