22: Veka Oppsummert

Horder av Justin Bieber-fans og zombier. Ingen god miks.

Eg har vore travel med å nyte a) pils b)sol og c) parken denne veka, men to ting har eg likevel registrert. Justin Bieber har vore i Oslo og Zombie-apokalypsen er på veg.

Eg skal ikkje ta ein Drillo og late som eg ikkje veit kven Justin Bieber er. Og eg klandrar ikkje ungjentene. Hadde eg budd i Oslo då Guns N’ Roses vitja i 1993 hadde eg ganske sikkert brukt dagen på å reke gatelangs og leite etter dei. Det er likevel noko komisk over at Fabian Stang må gøyme seg bak eit tre for å unngå å bli nedtrakka av horder med kvinande småjenter, og noko absurd over at ein 18-åring på besøk kan få utanlandske medier til å melde om unntakstilstand i Oslo.

Video her.

Raude Kross må møte opp 4 timar før dei er bestilt for å vatne dei halvvisna trettenåringane som har resignert i håp om at ryktet om operataket er sant, ProSec kalla inn masser av ekstra mannskap, og politiet sette opp gjerder i fleng for å hindre hordene i å rase ut i trafikken. Ein skulle tru G8-møtet var i byen. David Eriksen driter sjølvsagt ikkje der han eter og meiner det er politiet som burde gjort betre research på Bieber. Eg meinar Petter Singsaas i Universal gjer rett i å leggje seg flat for kvar grinande ungjente og forseinka bussjåfør i byen, ettersom det var hemmeleghaldet og den manglande organiseringa som svikta. Heldigvis gav besøket utslag i ein del moro på twitter.

Så over til noko heilt anna. Kan zombiar køyre båt, eventuelt symje? Eg er nemleg rimeleg sikker på at apokalypsen er nær og at Walking Dead berre var frykteleg kort forutsjåande i tid. Heldigvis har faenskapet førebels heldt seg i USA, men om me ikkje stengjer grensene rimeleg umiddelbart er det berre eit spørsmål om tid før du sit og tygg på leggen til naboen. Mest merksemd har sjølvsagt naken-zombien som jafsa på ansiktet til ein stakkar i full offentlegheit fått. Eg noterar meg at det tok snuten 8 skot å knekken på han:

Video her.

Urovekkande vert det først når liknande saker dukkar opp rundt om heile kontinentet. Først er det ein lurendreiar som tar for seg av både hjartet og hjerna til kompisen (link 1) , før politiet melder at dei har kome over ei dame som har ete eit par-tre tær og litt av hjerna til den tre veker gamle sonen sin (link 2). Om ein så leggjer til karen som knivstikk seg sjølv og byrjar kaste innvollane sine etter politiet (link 3) og homsepornoskodespelaren som sender kroppsdelar i posten (link 4) er det berre ein ting å konkludere: It has begun!

Linker:

1:http://www.huffingtonpost.com/2012/05/31/alexander-kinyua-kujoe-agyei-kodie-ate-brain-heart-roommate-maryland_n_1560149.html

2:http://www.usatoday.com/news/nation/2009-07-27-baby-killed_N.htm

3:http://www.dailymail.co.uk/news/article-2151830/Man-stabs-throws-intestines-police.html4:http://www.nydailynews.com/news/world/gay-porn-actor-prime-suspect-grisly-montreal-dismemberment-slay-authorities-article-1.1087211

X