Uforanderlige tilstander gjenfortalt: Klish har tatt kokainrap til Noreg.

Og det er mørkt.

Klish aka Kliffie Smalls aka Klishtian René aka Jon AreKliisternes aka Klisne Fingra. Kjært barn har mange navn, men det er ingentingkjærlig over “Bestandig”, debutalbumet til den unge veteranen / gamle nykommerenfrå Tromsø. Klisne Fingra har nemleg surra rett under overflata i norsk rap i mange år,og har blant anna ein mixtape med Coughee Brovaz-medlemmet Dee-Rail og utallegegjestevers hjå alle frå Joddski til Herreløse bak seg. Så vart det stille.

Men i vår dukka Tromsøværingen plutselig opp igjen under navnet Klish, med den Poppa Lars-produserte “Fyring, Fighting, Fucking” som gjekk sin seiersgang på nettet, og fekk ein hardtslåande remix signert Girson frå A-Laget og OnklP. Sidan det har undergrunnsmurringa stadig auka i volum, og i dag slapp Klish debutalbumet sitt, “Bestandig”, med eit smell.

“Så jælla gammel,fortsatt rookie of the year” seier du. Kvifor er den nye generasjonen nord-norskerapperar så gamle?

-Vi somla berre jævlig. Det er hovedårsaka. Vihar ikkje fått ut fingeren før no, men samstundes er det eit mykje meirgeografisk spredt miljø, og vanskelegare å knyte kontaktar enn i Oslo. Derforer vi frå Nord-Norge begynt å nærme oss 30, medan søring-rapperane så vidt har bikka15 før dei er på TV.

Trur du de har meirbunn i det de rapper om enn nokon som kun kjenner skulegarden, guterommet ogkanskje eit studio? Og eit treningssenter?

-Det bør vere grunn til å tru det. Eg skal ikkjesei noko om kva erfaringar andre har, eller ikkje har, eller sei at dei som erunge ikkje har erfaringar som vi kanskje mangler. Men når du er såpass gammel,så veit du at du kan stå for det du gir ut. Det er noko som er utvikla over langtid, med mange tracks som går i søppelbøtta. Men det tyder og at det ikkje er nokosom går over om seks månader, så synest ein det er kleint at det ligger på nettet.

Beskriv plata med treord

-Uforanderlige tilstander gjenfortalt. Det liggeri tittelen, Bestandig. Det handler om ein tilstand av repeterandehandlingsmønster. Det er serviceansattes dead-end og Whitney oppi detbadekaret.

Sikkert litt BobbyBrown i det badekaret og. Er det eit bevisst valg at plata er så tung ogmørk?

-Ja, det er ganske bevisst, men og litttilfeldig. Det er jo sånn musikk eg liker best sjøl. Det kunne fort ha blittnokre andre låtar på plata, men vi gjekk aldri inn for å lage “hits”. Så detskjedde vel kanskje meir automatisk enn bevisst.

Fungerer deteigentleg med gangstarap eller kokainrap (som kanskje skildrar det her best) pånorsk?

-Til ei viss grad, så lenge du tilpasser til dineeigne premissar. Det ville nok ikkje funka om eg plutseleg byrja dra på omvåpen og millionar av kroner. Ein må høyre at det ikkje er nokke forsøk på åvære hardere enn du er, men det er jo sjølvsagt lov å skryte i rap. Ein setter tingpå spissen.

Men Natt&Dag ergodt informert, og har høyrt du har laga nokre låtar med YoGuttene. Dei lagarjo utvilsomt rap innan den kategorien, men er definitivt ganske vanskelege å tabokstavleg?

-Eg trur det YoGuttene driver med er ganske suntfor norsk rap. Det at dei kun er karakterar gjer at dei kan utfolde og utfordreseg sjølv meir på ein… tja, kunstnerisk måte, om du vil.

Om eg vil? Du seierkva du vil, mister. Men tilbake til plata. Kva er dine eigne favorittlåtar?

-Akkurat no er det kanskje Delirium fordi det varden siste vi gjorde. Men totalt sett er det nok Koffer Ikke.

Vi likar forøvrig godt andresingelen frå plata, SevenEleven. Videoen kom for nokre veker sidan (og ligg nederst i saka).Kva har du i SevenElevenkoppen?

-Nei, det er vel sikkert noko brunsprit, ellernoko anna godt. Eg trur vi kom fram til at koppen frå SevenEleven er Noreg sin brownpaper bag.

Den siste singelen er “Jenter med Tatoveringer”. Har du ei sånn dame, eller er det ønsketenkning?

-Ja, dama har eit par. Elles ville nok ikkje denlåta ha falt i smak, hehe.

Vi lar deg ikkjesleppe heilt enno. Siste låta heiter Brøstsmerta. Kor mykje kokain må ein tafor å ende opp med det?

-Nei, eg veit ikkje. Trur det varierer veldig. Deiseier vel at blodårene trekk seg saman og hjartet slår fortere, derfor skjer det.Så i teorien skal det vel kunne skje første gong ein prøver.

Så du har kun teoretiskkunnskap på det feltet?

-Sjølvsagt.

Om du har lyst å sjekke ut Klish live, så er det Nordnorsk Rapfest på Blåi lag med Mats Dawg og RSP den 27. juni. Elles står han utanfor SevenEleven.

X