Mavado på Fabrikken, 10. april 2012.JAM Promotion slo verkeleg på stortromma då dei klarte å booke Mavado til Oslo. Jamaicanske artistar av dette kaliberet kjem sjeldan til Noreg, og innan dancehall er Mavado blant dei desidert største namna, saman med landsmann og rival Vybz Kartel. Han har kome opp under vingene til sitt barndomsidol og dancehall-legenda Bounty Killer, noko som ikkje har skada karriera, men sidan debut-singelen “Real McKoy” kom ut i 2004 har Mavado stått støtt på eigne bein. Han har ikkje vore ukjend med kontroverser, og etter ein arrestasjon for ulovleg lefling med våpen mista han visstnok 3 […]