Foto: Fabio Lovino/HBO

Overklassens diskrete sjarm

Den nye bølgja med maktkritisk popkorn-film bind oss til overklasse-perspektivet.

Sex, dop, mord og humor. Dei seinaste åra har det blomstra fram ei ny bølgje underhaldning av høgkvalitet, prega av makt-kritikk, både subtil og overdriven, retta mot den nye forgylte amerikanske overklassen. Store snakkisar som HBO-serien White Lotus, filmen The Menu og serien Succession, som alle er mørke komediar, delar ein satirisk brodd og eit samfunnskritisk blikk som bind dei saman. Sjølv om metaforane og formspråket til tider kan virke lettbeinte unngår dei den moraliserande bismaken til mange popkulturelle forsøk på å seie noko med relevans for samfunnet og tida vi lev i.

Hovudkarakterane er som oftast rike og vellykka, men med ein hel haug av personleg bagasje og manglar. Dei er velkledde, drar til eksotiske feriedestinasjonar, er veltalande og dolkar kvarandre i ryggen. Dei er hykleriske, blinde mot sin eigen uspiselegheit og lite sjarmerande kaksar med hovudet langt opp sin eigen bakende. Summen blir god underhaldning som det er vanskeleg å rive blikket bort frå.

På overflata fungerer filmane som lettvint katarsis med sin kritikk av manglande politiske tiltak mot vår tids institusjonelle skurkar – ein form for kulturell Metadon som skal kompensera for ei rettferdskjensle som er gått tapt etter tallause politiske overtramp og regnskogbrannar. Dei er yndlingar av kritikarskaren, og middelklassen slukar dei rått. Som ein frossenpizza med tynn botn og blåmuggost på, er historiane lettspiselege, med ein illusjon av opphøgd kvalitet. Dei har ein eim av prestisje, den typen fagleg tyngde strøyme-æraen skulle gi rom for.

Raude Hollywood

Regissøren og produsenten Adam McKay står bak

LES VIDERE GRATIS

Alt du må gjøre er å registrere deg. Det går raskt og koster ingenting.

Personvernserklæringen vår kan leses her.