Vinn billetter: Equicez release-party på Fabrikken 16. mai

b
a

Equicez og Kartellen arrangerer 16. mai-fest på Fabrikken. Vi har 4 billetter til overs.

Den 3. mai slapp Equicez sitt etterlengta andrealbum «Stage of Extinction – Force Majeure». Det vart godt mottatt i pressa, og godt mottatt på gata (andreplass på iTunes). Den 16. mai skal gutta feire utgivelsen med fest og konsert på Fabrikken i lag med svenske Kartellen, og vi har fått 2×2 billetter å gi bort.

Alt du trenger å gjere er å sende ein mail til [email protected] merka “Equicez” der du fortel oss kva som er din favorittsang frå den nye skiva, og ikkje minst kvifor. Konkurransen er open fram til kl. 18:00 på onsdag, vinneren vert kontakta på mail.

Her er forøvrig underteikna sin anmeldelse av skiva:

Equicez – Stage of extinction. Force Majeure

Det er ti år sidan Equicez slapp si kritikerroste debutplate, State of Emergency. Etterpå kom det to soloalbum som aldri heilt tok av, og så vart det stille i mange lange år før comeback-singelen “Hardcore Encore” kom ut i fjor sommar. Den vart fulgt av “Equicez 4 The Kids” og “Det Jeg Er”, før albumet, Stage of Extinction * Force Majeure, kom i dag. Kan Equicez følgje opp suksessen og slå tilbake i 2013.? Plata ser i alle fall tøff ut, med eit cover teikna av tatoveringsgudfaren Nick Morte.

Singelen “Hardcore Encore” opnar ballet, og saman med “It’s Our House” og “Thrash Metal” vert tonen for albumet satt. Det er mørkt og hardt, nostalgisk og apokalyptisk. Midt inni kjem sketsjen “Stereotype”, der Cast og El Axel skjeller kvarandre ut på det grovaste, med ein varme som gjer det vanskeleg å ikkje dra på smilebandet sjølv om fleire av frasene er langt over kanten. «Maybe I Am (Crazy)» utmerka seg fort som ein av mine favorittar, med eit drivande beat og intens rapping der Cast er betre enn eg har høyrt han nokon gong (kanskje med unntak av den Skeez-TV-battlen). På «Th’Gods», “Stage of Extinction” og “Powertrip” kjem det apokalyptiske og konspiarsjonstematikken inn for fullt. Eg er i utgangspunktet ikkje så fan av rap om for eksempel UFO’er og romvesen, men El Axel og Cast får det faktisk godt til. Eg er usikker på kor seriøst eg skal ta det, men tekstane og leveringa er så gode og gjennomførte at eg føreheld meg til det heile som ein sci-fi-film# eg må ikkje tru at det er sant for å setje pris på det. Fokuset skiftar frå (samanbrotet av) samfunnet til det personlege gjennom singlane “Det Jeg Er”, “Equicez 4 The Kids” og den nydelege “Take Me Back” der dei har med seg Sisi, og Equicez er utan tvil best når dei opnar seg og er personlege. Fleire gjestar kjem på “Final Blackout”, der særskilt Phat Kat og Sebbe frå svenske Kartellen utmerkar seg. Dei har likevel ikkje falle for den typiske hiphop-fristelsen å pøse på med alle slags gjestar og features, men i staden laga to spor, nærast anthems, med ei variert og velutvalt gjesteliste.

Produksjonen, som i stor grad er gjort av svenske DJ Large, er som støpt for dei to rapperane. Equicez har lykkast i å lage eit slags konseptalbum, der verda er eit apokalyptisk spegelbilete av røyndomen, noko som gjer at Cast sine UFO- og konspirasjonsreferansar og El Axel sine dommedagsprofetiske haldningar til autoritetar og system fungerer overraskande godt i kombinasjon med dei ekstremt sjølvutleverande tekstane. Det er ein lettelse at dei har fått til akkurat dette, viss ikkje kunne det heile vorte vanskeleg å relatere til, og kanskje rett og slett pinleg. Det vert det heldigvis ikkje, og alt i alt er det ganske imponerande å kome attende med eit så heilstøpt album både lyd- og tema-messig, det er ein verdig oppfølgjar. Equicez har kanskje ikkje funne opp kruttet på nytt, men if it ain’t broke, don’t fix it!

Stage Of Extiction * Force Majeure er eit solid og knallhardt album, og medan Equicez ikkje har tatt sjumilssteg i nokon retning dei siste ti åra har dei definitivt polert og pussa det dei er aller best på# aggressiv, mørk og dystopisk rap med eit nivå av sjølvutlevering som lar lyttaren få kjenne på ubehaget. Det er berre å dra på seg hoodien og maxe opp volumet.