Fredag. 10 august spiller Joy Orbison plater på Dattera til Hagen, i regi av Øyanatt og Lot Lot. Norske Boska har fått den takknemlige oppgaven å varme opp. Her har du grunnen til hvorfor du burde komme tidlig til Dattera på fredagen:
1. Brackles - “Never Coming Down” (feat. Lily McKenzie) (Rinse Recordings)
Brackles er ein av dei få men gode grunnane til å bry seg om UK Funky som sjanger, med konsekvent sterk jacking rytmikk, kreativt lydbilete, og bass som berre engelskmenn kan produsere. Denne låta ifrå debutalbumet som kom ut i vår er like fin i headphones som på klubb, med heit vokal av grime-chanteuse Lily McKenzie.
2. DJ Sdunkero - "Choosing Love" (Huntleys & Palmers)
B-sida ifrå fjorårets Auntie Flo-banger “Oh My Days”, som etterkvart har blitt eit meir regelmessig nummer i mine sett enn A-sida. Vilt catchy akkord-riff, som tåler plenty av volum, og ser ut til å fungere bedre jo lenger den får spele.
3. Mosca - “Eva Mendes” (Hypercolour)
Kanskje den snillaste miksen ein banger nokon gong kan få. Mosca trår nok ein gong linja mellom rein perfeksjon og grimey råheit perfekt, og resultatet er ei garasjelåt som sjølv Lars Monsen ville dansa til. Må spelast.
4. Ana Helder - “Next Club” (Aguayo & Helder Version) (Cómeme)
Sexy og pumpande bassriff, med sære og entusiastiske hyl strødd utover 7 minutt av rein danseglede. For dei som elskar å danse til noko dei aldri har høyrt maken til, og verkeleg ikkje skjøner kva er.
5. 4th Measure Men - “Given” (MK Dub) (FXHE)
Første gong du høyrer denne, kjem du til å tru at du har høyrt den før. Kanskje du til og med blir nostalgisk, som meg. MK sine dubs er verdt si vekt i dansegolv-gull, med ein evig kvalitet, og eit direkte uttrykk. Sjekk óg ut “Burning”, “Always”, “Love Changes” og “Push the Feeling On” dersom MK trykker på knappane dine.
































































